Juklavassbreen er eit av Noreg mest tilgjengelege brefall. Ein køyrer bil til brekanten 1200 m.o.h. ved Folgefonn Sommerskisenter. Her møter du oss, og me utstyrer deg med naudsynt breutstyr. Turen vert lagt opp etter deltakarane sine ynskje. For nokre tyder det klatring og adrenalin, for andre ein roleg tur i ei anna verd, med synet av dei enorme kreftene i isen, Rosendalsalpane, og havet i vest. Me tilbyr ulike daglege turar "Enkel" og "Standard". Om du vil kan du velgje å leige din eigen breførar.