Trolltunga og Preikestolen

Opplev den heftigaste steinformasjonen i Fjord Noreg med spektakulær utsikt! Trolltunga stikk ruvande ut omlag 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Her har ein fantastisk utsikt over dramatisk Vestlandsnatur.

Trolltunga med Folgefonna og Ringedalsvatnet i bakgrunnen
Trolltunga med Folgefonna og Ringedalsvatnet i bakgrunnen
Foto: Harald Hognerud

Turen til Trolltunga er mogeleg å gå frå omlag juni til slutten av september, avhengig av snøforholdene. Vi anbefaler ikke å gå denne turen utenom sesongen.

 Frå Odda køyrer ein til Tyssedal på riksveg 13, for så å fylja skilt mot Skjeggedal. Fotturen startar i Skjeggedal ved byrjinga av Mågelibanen, sidan banen ikkje lenger er i drift. Fyl stien på høgre sida av Mågelibanen. Det er omlag 900 høgdeforskjell på turen.

Turen tek om lag 8 til 10 timar tur retur, og er merka med raude T'ar og nokre skilt der stiar deler seg. Omlag ein halvtimes gange aust for Trolltunga ligg Hardanger sin Preikestol som er like fin som den meir kjende Preikestolen i Lysefjorden!  Dette er ein tur som høver for folk som er i normalt god form. Hugs godt fottøy, mat, drikke og kart på turen!

Dette er den lange fotturen du ikkje vil gå glipp av!

Om du ønskjer å ovenatte på turen så er einaste moglegheit å ha med seg eige telt. Reinaskorsbu er stengt frå 2013!

Rutetabell for buss til Skjeggedal finn du her.

Kontakt turistkontoret i Odda for meir detaljert informasjon om turen, overnatting og kart på tlf: 53 65 40 05 eller på e-post: turistkontor@odda.kommune.no

Sist oppdatert   26.03.2014  
RELATERTE PRODUKTER

Trolltunga

Odda

Guida fottur til Trolltunga

Turen til Trolltunga er ein lang og krevjande fottur. Høgdeforskell på turen er opp mot1000 meter. Startstad er Skjeggedal som ligg7 kilometerfrå Tyssedal i Odda kommune.Det er viktig med gode fjellsko, og du må ha med mat og drikke for turen. Turen går...

Copyright © Stig Tronvold

Odda

Himmelstigen til Trolltunga

Med Opplev Odda kan du verta med på tur i den nye Via Ferrata løypa "Himmelstigen" til Trolltunga og Preikestolen. Dette er ein tur som blandar fleire spanande aktivitetar; sykling, klatring i Via Ferrata løype og fottur. Attraksjonane ligg på...



Odda Turistkontor, Tlf: +47 53 65 40 05, E-post: turistkontor@odda.kommune.no