Opplev staden der det norske industrieventyret starta! I Tyssedal kan du sjå den fantastiske kraftstasjonen ved fjorden og den storslåtte naturen den ligg i.
Norsk Vasskraft og Industristadmuseum byr på noko for einkvar smak.
Etter eit biletspel om Industrieventyret og ei omvisning i kraftstasjonen kan ein vera med i rallarens fotspor. Enten ein vil klatra langs dei bratte vassrøyra saman med Opplev Odda, eller ta fotturen til Lilletopp der fordelingsbassenget og dei gamle vasstunnellane ligg i den bratte fjellsida. Her kan ein og prøva meiselen eller berre nyta den fantastiske utsikten.
Born og unge kan laga eige miniputtkraftverk nede ved anlegget. Ein kan handla kunsthandverk eller lokal mat i museumsbutikken. Eller nyta ein ”Turbin-pizza” i Tysso kaféen ved fjorden. Spanande permanente og skiftande utstillingar i det historiske administrasjonsbygget. Konsertar finn stad med jamne mellomrom.
Utleige av konferanselokale med alle fasilitetar.
Sjå www.nvim.no for meir informasjon.