Låtefoss

Låtefoss er ein av dei mest besøkte naturattraksjonane i Noreg! Fossen ligg rett ved rv.13 i Oddadalen. Fossen er delt i to løp og vert difor også kalla "tvillingfossen".

Låtefoss
Foto: Fotograf Øygarden

Låtefoss er den mest kjende av fossane i Oddadalen, som har fleire flotte fossar på ei strekning på ca 10 km. Fossen er 165 meter høg. Rv. 13 kryssar den nedre delen av fossen på ei steinkvelvbru. Låtefoss var eit ynda reisemål for engelske og tyske turistar som besøkte Odda på 1800-talet, og byrjinga av 1900-talet. For å koma til fossen vart turistane skyssa med hest og kjerre frå fjorden og opp langs Sandvinsvatnet og vidare opp Oddadalen til Låtefoss. Det låg også eit lite hotell ved fossen. Om ein fyl stien på sørsida av fossen kan ein gå opp til der hotellet låg tidlegare. I dag ser ein berre restane etter hotelltomta. 


 

Sist oppdatert   07.04.2011  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Espelandsdalen CEmping

Odda

Fossanes dal

Oddadalen - eit vakkert stykke urørt landskap langs RV 13! I denne særprega dalen ligg fossane som perler på ei snor innanfor ein avstand på 10 km: Tjørnadalsfoss, Strandfoss, Vidfoss, Espelandsfoss og Låtefoss som alle er varig verna. Oddadalen byr på...



Odda Turistkontor, 5750 Odda  I  Tlf: +47 53 65 40 05  I  E-post: turistkontor@odda.kommune.no