Buerbreen og Buerdalen

Buerbreen er ein brearm av den majestetiske Folgefonna. Frå Odda sentrum er det omlag 8 kilometer å køyre til Buer, og frå parkeringplassen ser ein allereie heilt inn til isen.

Buerbreen og Buerdalen
Foto: Jan-Stefan Knick

Frå Buer kan ein gå på merka sti heilt inn til brekanten i den frodige Buerdalen omringa av stupbratte fjellsider og frisk elvebris. Gåturen tek omlag 3 timar tur retur. Hugs godt fottøy og niste! FlatEarth tek dykk også med på guida breturar på blåisen! Ein heil dagstur i fantastisk natur, kor ein får utfordra grensene sine og prøva isklatring om ein vil. Ei oppleving for livet!

Sjå www.flatearth.no, eller kontakt turistkontoret for meir informasjon på
tlf: +47 53 65 40 05 og e-post: turistkontor@odda.kommune.no

 

No kan du også ta bussen fra Odda til Buer. Veien opp dalen er smal og svingete og parkeringsplassane er få, så dette kan være eit godt alternativ både for deg som reiser med og utan bil.

Sist oppdatert   19.06.2014  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Anke Wittkowski

Odda

Blåistur på Buerbreen

Har du lyst å klatre i tårn av blå is, eller vandre mellom bresprekker? Buerbreen er unik! Det er her Folgefonna knekk over kanten og strekk seg ned dalen mot Buer at du kan få oppleve breen på sitt mektigaste med spektakulære labyrintar, spir og...


Odda Turistkontor, 5750 Odda  I  Tlf: +47 53 65 40 05  I  E-post: turistkontor@odda.kommune.no