Røldal

Vinter i Røldal

Røldal er eit skieldorado midt mellom Aust- og Vestlandet. Velkomen til den djupaste snøen i Europa!

Vinter i Røldal

Vinteren skal vera kvit, lufta frisk og sola skal skina frå høg himmel. I Røldal finn ein garantert ville fjell, bratte stup, kvite vidder, skiglede og sunt friluftsliv! Snøen i Røldal kjem i god tid før jul, og ligg trufast til langt uti mai! Skiheisen stengjer fyrst når trea er vorte grøne nede i låglandet. Med berre nokre få timars køyring frå fleire store byar oppdagar stadig fleire skituristar Røldal.

Offpiste og snowboard - utfordringane er store i Røldal. Under konkurransen Røldal Freeride Challenge ( RFC) kan ein sjå Europa sine dristigaste og freidigaste ungdommar hoppa ut fjellsidene. Røldal er vorte ein kultstad for våghalsar som ikkje syns fjellsidene kan verta bratte nok.

For dei som likar det fredlegare er det fint å svinga roleg ned bakken og ta heisen opp att, eller nyta ein rykande varm kakao i solveggen. Stadig fleire oppdagar også gleda ved å leggje ut i gode løyper innover gnistrande vidder frå Røldal og Seljestad, som ligg berre 15 minutt unna.

Kjempesuksessen Røldal ned og opp gjentas selvfølgelig i 2012, og nå kan DU bryne deg mot den absolutte verdenseliten. Tar du utfordringen? 15 april kommer Petter Northug Jr, Odd-Bjørn Hjelmeset, Therese Johaug, Sjur Røthe, Marit Bjørgen og resten av verdenseliten til Røldal. Hold av helgen og kom til Røldal!

Det skjer mye spennende i Røldal i vinter, og et av de absolutte høydepunktene er Røldal ned og opp. Her kan du se verdensstjerner i langrenn og alpint barke sammen for å kåre norges mest komplette skiløper. Arrangementet er meget publikumsvennlig, og du ser alt fra Røldal skisenter. Bor det en dyktig skiløper i deg har du muligheten til å melde deg på og utfordre både deg selv og de beste i verden. Premiepotten er på respektable 200.000,- så her er det bare å legge seg i trening.

Mer informasjon om RøldalNedOpp finn du her.

Sist oppdatert   25.06.2012  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Røldal Skisneter

Odda

Røldal Skisenter

Røldal er rekna som eitt av dei beste områda i Noreg når det gjeld off-piste og frikøyring. I 2009 vart Røldal kåra til Noreg sin beste skistad for frikøyring av Dagens Næringsliv. Her finn du mykje laussnø og gode pudderforhold. Normal snødjubde er...


Odda Turistkontor, 5750 Odda  I  Tlf: +47 53 65 40 05  I  E-post: turistkontor@odda.kommune.no