Buerbreen som er ein brearm av Folgefonna er kjend for å ha mykje blåis og imponerande bresprekker. Kvar sommar frå omlag 15. juni kan ein verta med erfarne breførarar på tur hit.
Ei minnerik oppleving utanom det vanlege! FlatEarth Adventures tek deg med på ein dagstur på Buerbreen. Fyrst går ein inn til brekanten som tek omlag 1 og 1/2 time, så har ein vel tre timar på breen. Ein et lunsj på breen, og etter lunsj får dei som vil prøva isklatring i bresprekkene. Ta med eigen mat, gode varme klede, solbriller, hanskar, og høge fjellsko. Sjå www.flatearth.no. Om sommaren kan turen bestillast direkte på turistkontoret i Odda.
Det er også guida breturar mellom Fonnabu og Holmaskjer for dei som ynskjer eit lengre alternativ. Då må ein sjølve bruke ein dag på å gå opp til hytta Fonnabu frå Suldal kor ein overnattar. Neste dag tek ein breførar som bur på Fonnabu om sommaren dykk med attende over breen til Holmaskjer. Frå Holmaskjer går ein sjølve ned att Tokheimslia til Odda. Det går bussar attende til startpunktet. Turen er mogeleg å gå frå omlag 10.juli. Det er også mogeleg å gå turen frå Holmaskjer til Fonnabu, men då må dette bestillast på førehand. Sjå http://folgefonni-breforarlag.no/turar/fonnabu.htm