Det våte element
Kano på vatn, kajakk på fjorden, juving, elvepadling, bading i elv, fjord eller kansje rett ved ein foss?

Foto: FlatEarth Adventures
Om sommaren er det herleg å ta seg ein forfriskande dukkert i vatnet som kjem sildrande ned frå smelta is oppe i fjellet. Leig ein kano eller kajakk og ta ein tur på fjorden eller på blikkstille vatn. Utsikta er imponerande. Sjå fisken hoppa, fossen brusa omkransa av snølagde fjelltoppar så langt ein ser. For dei som ynskjer meir spenning kan me tilrå juving eller elvepadling i elva Opo! Eller kva med å fanga ein sprellande fisk med fiskestong, eller ta eit avslappande fjordcruise?
Sist oppdatert
09.05.2011