I Odda med vill natur og evig is ligg alt til rette for ein aktiv ferie! Her er eit eldorado for turgåarar og fiskarar. Dei dristigaste kan prøva klatring i Via Ferrataløyper, elvepadling og juving. På guida breturar sommarstid får ein sjå blåis på nært hald, gå mellom bresprekker og prøva isklatring. Det er idyllisk å oppleve fjordlandskapet frå ein kano eller havkajakk. Vinterstid kan ein susa nedover bratte fjellsider, eller finna roen på ein langrennstur.