Annonser





Skriv utSkriv ut

Fiske i Eidfjord


Kontakt
Adresse:
5783 Eidfjord

Telefon53 67 34 00
Faks53 67 34 01
E-postturistinfo@visiteidfjord.no
Webwww.visiteidfjord.no


Beskrivelse

Eidfjord er rik på fiskemogelegheiter i elvar, vatn og i fjorden.

Fiske i fjorden er gratis. For fiske i elvar og vatn etter sjøaure, må det i tillegg til fiskekort betalast fisketrygdavgift på http://www.inatur.no/ eller på posten i Eidfjord. Det er ikkje naudsynt med fisketrygdavgift i fjellområda (kun på fiske etter laks og sjøaure).

På Hardangervidda finst mange fiskevatn med fjellaure. Sal av fiskekort på turistkontoret, turisthyttene og på YX bensinstasjon i sentrum. Meir informasjon/brosjyre på turistkontoret.

For laksefiske gjeld: Villaksen er freda, dvs. den skal gjenutsetjast. Kun i Simadalselva er det lov å fiske laks.

For fiske etter sjøaure i elvane Simadalselva, Eio, Bjoreio, nedre del av Veig og Eidfjordvatnet kan du kjøpe fiskekort på YX Eidfjord. Pris pr fiskekort: NOK 70 – 300 pr døgn.

I Eio er det muleg å få med seg ein fiskeguide inkl. fiskeutstyr på bestilling. Ta kontakt med Eidfjord Sportsfiske, Jesper Nielsen, tel. +47 99398754, email: post@eidfjordsportsfiske.no  http://www.eidfjordsportsfiske.no/

Relaterte produkter
Copyright © Eidfjord Turistkontor

Eidfjord

Destinasjon Eidfjord AS/Eidfjord Turistkontor

Heilårsope. Bookingkontor for innkvartering, attraksjonar og aktivitetar. Kontakt turistkontoret for guidetenester....

Copyright © Siv Framnes/ Reisemål Hardanger Fjord as

Eidfjord

Hardangervidda frå Eidfjord

Hjølmadalen i Øvre Eidfjord, Tinnhølvegen ved Dyranut, samt fleire stader langs Rv 7 over Hardangervidda, er innfallsporten til nasjonalparken. For å koma inn til Tinnhølen går det ein 11 km lang bomveg (kr 100). Terrenget er flatt og fint og turmål som...


Destinasjon Eidfjord AS • Postboks 74 • 5786 Eidfjord • Tlf 53 67 34 00
turistinfo@visiteidfjord.no
Org.nr. 987.37.8670