Annonser

Turisme i Hardanger

Alt i tiåra rundt 1900 var Hardanger ein yndling i internasjonal turisme. Turistferdsel av omfang vart det først då det kom rutegåande dampbåtar. I 1861 blei det oppretta rute frå Bergen og innover Hardangerfjorden. I 1890 vart også køyrevegen mellom Telemark og Odda teken i bruk om sommaren. På få år vart Odda eit av midtpunkta for reiselivet på Vestlandet. I 1904 besøkte 88 turistskip og om lag 12000 utanlandske turistar Odda. Året etter var talet på utanlandske gjester auka til 14000. Til samanlikning besøkte om lag 25000 utanlandske turistar Noreg på denne tida. Dei fl este som kom frå engelske og tyske hamner kom til Hardanger. I Odda var det godt tilrettelagt for turisme med mange hotell og godt system med hesteskyss som tok dei reisande med til fantastiske naturattraksjonar. Isbreen Folgefonna var tidleg eit attraktivt mål i Hardanger. Ferdsla over breen var prega av overklassebakgrunnen til dei utanlandske turistane. Det var skyss både med rein og hest over breplatået. Du kan framleis oppleve noko av den historiske stemninga m.a. på Utne Hotel, Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin og Fossli Hotel i Eidfjord.

Sist oppdatert   30.04.2010   Av   Hege Grane Hisdal

Reisemål Hardanger Fjord AS
info@hardangerfjord.com

Linkar
www.visiteidfjord.no
www.visitjondal.no
www.visitkvam.no
www.visitodda.com
www.visitullensvang.no
www.visitulvik.no

                                              Turistinformasjon logo

 
Bruk av cookies