Annonser

Hardangervidda

Hardangervidda er det største høgfjellsplatået i Nord- Europa. 

Hardangervidda
Foto: Asle Øydvin
Hardangervidda
Foto: Halne Fjellstova

Vidda omfattar eit område på ca. 8000 km2 og høgaste punkt er Sandfloeggi 1721 moh. Hardangervidda nasjonalpark vart oppretta i 1981 og er med sinde 3422 km2 den største nasjonalparken i Noreg. Største delen av nasjonalparkområdet ligg i Hardangerområdet. Til dømes ligg 1/3 av Eidfjord kommune i i Hardangervidda nasjonalpark. Elles ligg delar av Ullensvang kommune og Odda kommune innanfor nasjonalparkgrensa. Hardangervidda har vore brukt heilt sidan steinalderen og det er mange kulturminne i området. Den største villreinstammen i Noreg held til her. Hardangervidda her eit rikt dyreliv og er den sørlegaste utposten fjellrev, snøugle og mange arktiske plante- og dyreartar. Dei eldste bergartane på Hardangervidda viser at området ein gong låg på havbotnen. Hardangervidda har eit stort rutenett med merka stiar og løyper. Det er også mange turisthytter så området er godt tilrettelagt for vandring. Bergensbana går over Hardangervidda og vart opna i 1909. Finse stasjon (1222 moh.) Ligg i Ulvik herad og er det høgaste punktet på bana. Bilvegen over Hardangervidda vart opna i 1939. Vil du lære meir om Hardangervidda kan du besøkje Hardangervidda Natursenter Eidfjord i Øvre Eidfjord.

Sist oppdatert   30.04.2010   Av   Hege Grane Hisdal

Reisemål Hardanger Fjord AS
info@hardangerfjord.com

Linkar
www.visiteidfjord.no
www.visitjondal.no
www.visitkvam.no
www.visitodda.com
www.visitullensvang.no
www.visitulvik.no

                                              Turistinformasjon logo

 
Bruk av cookies