I Kvam - ei perle berre éin time frå Bergen - ligg attraksjonane tett i tett.
Den langstrakte kommunen i Hardanger har vore eit ynda reisemål i generasjonar, og det er ikkje utan grunn. Med fjordcruise, unike fossar, stolte tradisjonar, eit rikt kulturprogram og ei rekke spanande attraksjonar og aktivitetar tilgjengeleg heile året, er Kvam ei perle som er vanskeleg å skildra med ord. Det er nesten noko du må oppleva sjølv. Velkomen!
I Kvam finn du aktivitetar og attraksjonar som passar perfekt for folk i alle aldrar. Blant anna ligg store deler av Nasjonal Turistveg Hardanger her i kommunen, og langs ruta kan du oppleva Steinsdalsfossen. Det er ein verkeleg unik foss du kan gå under! Ein kjem heller ikkje utanom spanande aktivitetstilbod som RIB-turar inn Fyksesundet, Hardanger fartøyvernsenter og visningssenter for akvakultur. Desse, i tillegg til Hardangerfjord Sightseeing frå Norheimsund, gjev deg høve til å oppleva verdas vakraste fjord på ein måte du aldri vil gløyma.
Men det er ikkje berre fjordopplevingane som er spektakulære i Kvam. Her har ein også ei rekke spanande museum, gode restaurantar, flotte fotturar, toppmoderne badeanlegg og idylliske fjordbygder som til dømes Norheimsund, Øystese, Strandebarm, Vikøy, Ålvik og mange fleire. Alternativa er mange! På denne sida finn du oversikt over kva som er verdt å få med seg her i kommunen.
Foredrag med Guttorm Rogdaberg – «Herr Sigurd Brynjulvson, reisande i lov og rett» Guttorm A. Rogdaberg er styreleiar i Stiftelsen Agatunet, statsstipendiat og tidlegare dagleg leiar for Agatunet, eit freda klyngetun...
Velkomen til konsert med Opus 13 og Leif Ove Andsnes! Prisvinnande Opus 13 har på kort tid markert seg som ein av dei mest spanande unge strykekvartettane internasjonalt. Med eit repertoar som spenner frå klassiske meisterverk til nordisk musikk, er dei kjende for sitt samspel, sin energi og sine sterke tolkingar. I denne konserten møter dei ein av verdas fremste pianistar, Leif Ove Andsnes. Med si tekniske briljans og musikalske djupn har han begeistra publikum verda over, og er særleg kjend for sitt sterke engasjement for kammermusikken. Saman skaper dei ei konsertoppleving prega av nærleik, kvalitet og musikalsk samspel på høgaste nivå
Nils Horn er kanskje ikkje eit veldig kjent namn for Sunde-publiken, men Stord-bandet har produsert vestlands-indie sidan 2010, og lurt seg ut på sørlandturnear og andre krumspring med ujamne mellomrom. No er det på t...
I Kvam kan du nyta smaken av Hardanger, kjenna fjordbris i håret og stå midt i ein foss - alt på same dag.
Kvam, berre ein times køyretur frå Bergen, er inngangsporten til Hardanger og eit ideelt reisemål om våren og sommaren.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.
Utforsk Hardanger på ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.
Kvam har eit mangfald av tilretteIagde turar tilpassa alle nivå.
Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke.
Hardanger-regionen blir kalla «the kingdom of waterfalls», og det er ikkje utan grunn. I Hardanger finn du fleire av dei mest spektakulære fossane i heile Noreg.
Fjordsafari med gardsbesøk, privat fjordcruise, fartsfylte ribbåtturar, meditativ kajakkpadling - Med 179 km fjord er det opplevingar i fleng å utforske på Hardangerfjorden.
Kvam Turistinformasjon ligg ved Steinsdalsfossen, ikkje langt unna Norheimsund. Her kan du få hjelp til å planleggja opphaldet ditt i Hardanger — med brosjyrar, kart og råd om opplevingar både i Kvam og resten av regionen.
Her finn du eit utval av lokal mat og drikke frå Hardanger og regionen rundt — som til dømes syltetøy, saft og honning. Kvar dag får du òg ferske bakevarer — som baguettar, vaflar, muffins, lefser og bollar. Det er sitteplassar utanfor, så det er lett å slå seg ned med noko godt etter ein tur til fossen.
Adresse: Steinsdalsfossen, 5600 Norheimsund
01.06 - 14.06:
Onsdag–søndag: 11:00–16:00
Måndag & tysdag: Stengt
15.06 - 23.08:
Måndag–søndag: 10:00–18:00
24.08 - 30.09:
Onsdag–søndag: 11:00–16:00
Måndag & tysdag: Stengt
Kvam kan by på eit utal aktivitetar og eit rikt tilbod av smaksopplevingar.
I Kvam finn du både hotell, campingplassar, hytteutleige og bubilparkering.