Kjeåsen fjellgard i Eidfjord

Kjeåsen fjellgard i Eidfjord

Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.

Om

I dag køyrer du i bil, gjennom ein tunnel som kraftutbyggjarane i Sima har skote ut. Før bilvegen var ferdig i 1974 var den einaste vegen opp den bratte fjellsida, langs jernbolta stigar over svimlande svaberg – ein veg for dei nervesterke. Dette var sambandet med omverda. 

Uvegsamt låg Kjeåsen til, med ein – etter vår målestokk – heilt utruleg strevsam veg til gards, men her er det rike ressursar rett utanfor stovedøra, og jakt, fangst og fiske var hovudnæringa for folket her. Jordsmonnet på garden er grøderikt, og sola skin mest heile året.

Langs stien opp til Kjeåsen har folk gjennom generasjonar frakta alt dei trong på ryggen. Eit av husa på Kjeåsen tok det 30 år å bygga. Alt materiale måtte fraktast opp planke for planke. Den tyngste børa til Kjeåsen skal ha vore ein slipestein på 90 kilo. I 1930-åra vart det bygd ein motordriven taubane, og med denne vart det enklare å frakta varer opp og ned til garden.

På det meste budde det 13 born på Kjeåsen. Desse gjekk på skule i Simadal, og skulevegen var vanskeleg. På sommarstid gjekk borna til og frå skulen kvar dag, men på vinteren var vegen for farleg. Då budde dei hos slektningar i Simadal.

Vassdraga på vidda har hatt mykje å seia for Simadalen. I 1893 og 1937 vart dalen herja av flaum; siste gongen vart 20 hus feia på sjøen, men ingen menneskeliv gjekk tapt. I 1973 tok bygginga av kraftverket i Simadalen til. Kraftutbygginga var ferdig i 1981. Den «nye tida» kom til Kjeåsen med bilveg og anleggsarbeid. Turiststraumen auka med bilvegen og Kjeåsen er blant dei fremste turistmåla i kommunen.

VIKTIG INFORMASJON!

Vegen opp til gården starter i Simadal, ca 8 km fra Eidfjord/Rv7. Bilvegen opp er 5 km lang, og består av ca 2,5 km serpentinveg, resten gjennom ein smal tunnel. Det er ikkje mogeleg å gå eller sykle gjennom denne tunnelen. Pga. smal veg er det innført timekøyring. Trafikk opp til Kjeåsen kvar heile time, trafikk ned frå Kjeåsen kvar halve time. Du kan også gå den fantastiske, men svært bratte, stien opp til Kjeåsen, start punkt ved Sima kraftverk, ca 1 - 1,5 time kvar veg.

PARKERING PÅ KJEÅSEN
På øvre del av parkeringsplassen, rett under bommen, er det parkering forbudt. Dette området er snuområde for bussar. Vennligst parker på dei dedikerte parkeringsområda.

Det er for tida ingen servering av mat og drikke på Kjeåsen. Vennligst respekter private områder.

Er du i Eidfjord utan bil? Leig ein bil hjå Eidfjord Autorent.

Sesong

Kart