Historien til Odda

Fjorden, fjella, fonna og fossane gjorde Odda til eit vidkjend turistmål i Europa på 1800-talet. Rikfolk, keisarar, til og med prinsar og sjeikar kom for å ta våre naturattraksjonar nærare i augesyn.

Historien til Odda

På byrjinga av 1900-talet var Odda eit av Nord-Europas mest besøkte reisemål. Her låg det ti hotell, og i 1904 var det registrert over 80 cruisebåt anløp til Odda i løpet av sommarsesongen. Over halvparten av dei utanlandske turistane som kom til Noreg på denne tida besøkte Odda. Her var himmelhøge fjell, Folgefonna med Buerbreen, og mektige fossar som Skjeggedalsfossen, Tyssestrengane og Låtefoss.

Odda var på den tida ei lita bygd. Folket livnærte seg av gardsbruk og handverk, med turistnæring om sommaren som attåtnæring. Vinteren var stille medan om sommaren var det eit yrande liv.

Norske og utanlandske trafikkselskap sette i gang faste turistruter på Vestlandsfjordane, og alle gjekk til Odda. Kring hotella vaks det opp ein strandstad med 500-600 menneskje som var knytta til turistnæringa. Som hotellfolk, handlarar, handsverkarar og vognmenn.

Bøndene kosta  på seg karjolar, og hestedrosjane gjekk i skytteltrafikk mellom kaien, hotella og  turistattraksjonane. Det var dampbåt på Sandvinsvatnet for å skyssa turistar til Jordal. Derfrå måtte dei gå eller nytta hesteskyss til Buer. DNT kosta ein god rideveg frå Tokheim til brekanten i 1894-97. Det var og DNT som kosta rideveg frå Tyssedal til Skjeggedal. Turar vart arrangert til desse stadene med båt, hest  og til fots. Ein kan tenke seg kva pulserande liv det var frå mai til august. 

Det største hotellet var nye Hardanger Hotell, som vart reist i 1895 etter ein hotellbrann. Det hadde 110 rom med 170 senger, bordplass til 250 gjester. Hotellet overgjekk alle landshotella på Vestlandet, og var i si tid Skandinavia sin største trebygning. Det låg flott plassert heilt nede ved fjorden. Dessverre vart hotellet rive på midten av 1970-talet, etter å ha tent som rådhus og forsamlingslokale for Odda ein lang periode.

Rundt århundreskiftet kom utanlandske industriherrer på besøk. De trong to ting; fossar til å produsera elektrisk kraft og gode havneforhold.  Her fann dei begge deler. Slik starta industrieventyret i Tyssedal og Odda, og varsla inngangen til ei ny tid og ei ny utvikling for Odda.

Opp frå Tyssedal finn me Skjeggedal som var eit funn for industriherrene. Ingeniørane sette i gang planleggjinga, og så strøyma rallarar og anleggsfolk til Skjeggedal, Tyssedal og Odda. Fyrste byggetrinn vart gjennomført på snaue to år, frå 1906 - 1908. Då hadde dei bygd ut Skjeggedal med tunnelar og vannmagasin, og nede i Tyssedal stod kraftverket klart.

I Odda hadde arbeidskarane reist ein stor karbidfabrikk, Odda Smelteverk, som då var Europas største fabrikk. Året var 1908 og det var eit yrande liv. Til Odda valfarta det arbeidsfolk fra nær og fjern. Grunnlaget for industrisatsinga var lagd.

Turistane støyma ikkje lengre til Odda. Det rann ikkje lengre vatn i mange av dei mektige fossane. Bergensbana som opna i 1908 førte til ein sterk tilbakegang i gjennomgangstrafikk gjennom Odda. Fyrste verdskrig gjorde heilt slutt på turisttrafikken
 
Folketalet auka derimot på få år frå ca. 1400 til 5000. Det var ein voldsom byggjeaktivitet. Alle arbeidarane og deira familiar trong ein stad å bu, og borna deira skulle ha eit skuletilbod. Både Tyssedal og Odda vart forvandla frå dåtidas "grisgrende strøk" til små byar, med flotte store skuler, butikkar, bustadblokker og to- og firemannsbustadar. På Bakka stod den flotte barneskulen ferdig i 1912 og i Tyssedal i 1919. Inni mellom alt dette vart Odda eigen kommune i 1913.

Det var oppgongstider innst i Sørfjorden. I Tyssedal stod aluminiumsfabrikken (DNN) ferdig i 1916. Tyssedal utvikla seg etter kvart til ein tettstad, der eit liv i industri og klasseskilje overtok for det harde bondelivet. Livet i industrien for 80-90 år sidan var heller ingen dans på roser, med hardt manuelt arbeid, støv og skitt. I 1924 vart Det Norske Zinkkompani A/S etablert (fyrste etablering med prøvedrift i Tyssedal).

Frå 1929 var gardsdrift og fruktproduksjon på Eitrheimsneset erstatta av elektrolytisk zinkproduksjon. Verksemda hadde i midten av 30-åra 840 mann i arbeid, og sjølv om bustadsituasjonen ikkje var enkel dei fyrste to ti-åra, vart det etter kvart bygd hus og leiligheiter av god standard og med låg leige. På Mjøstølen i Odda (nedanfor Tjoadalen) vart ei bustadblokk med 32 leiligheiter bygd på slutten av 1930-talet. Blokka fekk fort kallenavnet "Zing-zing". Arbeidarane vart frakta med båt ut til Det Norske Zinkkompani, og båten, Lindenes, tøffa og gjekk heilt til byrjinga av 80-talet. På 70-talet hadde versemda også sin eigen barnehage ute på neset.

Odda var generelt tidlig ute med barnehagar. Driftige kvinner i politiske og idealistiske organisasjonar gjekk framfor og fekk til mange velferdsordningar som kommunen tok driftsansvar for.

Odda hadde det, som andre stader, vanskeleg i 20 og 30-åra, og sjølvsagt under 2.verdskrig. Dei neste tiåra, frå 1950-70 opplevde derimot både verksemdene, og dermed også Odda, gode tider. De store skatteinntektene kommunen fekk frå verksemdene i denne perioden, gjorde det mogeleg å byggje ut ein mønsterkommune. Utsendingar frå andre kommunar valfarta ein periode til Odda for å sjå og læra. Odda opplevde ein voldsom fornyingsprosess. Oddingane fekk på 50-talet nytt sjukehus og nytt rådhus med kino og bibliotek av høg standard. Me fekk brannstasjon, ungdomsskule, symjehall og moderne idrettsanlegg. I 1963 vart fjellbygda Røldal slått saman med Odda kommune, og i ein periode på 60- og 70-talet hadde Odda 10 000 innbyggjarar.

På midten av 80-talle bestemde Regjeringa at aluminiumsproduksjonen i Tyssedal skulle leggast ned. Arbeidarane gjekk i demonstrasjonstog i Odda og administrasjon og fagforening hadde ei hektisk reiseverksemd inn til storting og regjering. Me fekk i staden iliminittsmelteverket (TTI) i 1986.

Som i resten av verda har maskiner overteke for manuelt arbeid, og dei siste 20 åra har Odda mista ca. 800 industriarbeidsplassar. På bakgrunn av dette fekk Odda i 1998 status som omstillingskommune, der målet er å utvikla ett meir variert og allsidig næringsliv, samt å skapa 200 arbeidsplassar.

Utviklinga krev satsing også innan fleire næringar, og Odda med sine omgjevnadar har særs gode føresetnadar for å satsa innan reiseliv og turisme.

Du kan få vita meir om Odda sin spanande historie ved å besøkje Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum(NVIM) i Tyssedal. NVIM har samla mykje informasjon, og har bl.a. laga fleire flotte biletspel om historia vår. Museet er absolutt verdt eit besøk.
Meir informasjon får du ved å gå inn på: http://www.nvim.no

 

Sist oppdatert   25.06.2012  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Fotograf Øygarden

Odda

Odda

Odda er ein industri- og reiselivskommune bygd på vasskraft, industri og fantastisk natur! Byen Odda ligg innst i Sørfjorden og er eit naturleg sentrum for kommunen og Indre Hardanger. Odda kommune har i overkant av 7.000 innbyggjarar fordelt på...



Odda Turistkontor, 5750 Odda  I  Tlf: +47 53 65 40 05  I  E-post: turistkontor@odda.kommune.no