Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då ...
BookingDen freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då Norge gjekk frå bondesamfunn til industrisamfunn. Museet fortel levande om rallarliv og ingeniørkunst, arkitektur og korleis det vaks fram moderne byar midt i vakker vestlandsnatur.
Kraftmuseet er ein kjekk stad for heile familien, med ulike aktivitetar for born. Rebus blant turbinane, installasjonar der ein kan laga ekte elektrisitet.