Deutsch English Norsk |
  Mine bestillinger   Booking   Søk   Nytt   Om oss   Fotoservice   Postkort   Ris og ros   Ordliste   Cruiseweb
Logo
Om bilde

Om bilde

Hardangersaum

Ein særprega del av folkekunsten i Hardanger er den kvite saumen. Den kvite prydsaumen har vore utbreidd langs heile Vestlandskysten, men er i dag kjend både i inn- og utland som Hardangersaum.

Tradisjonelt vart den brukt på festdrakta der det kvite forkledet alltid vart brukt saman med vakkert utsauma kvit skjorte. Dei unge jentene fekk kvite forklede til konfirmasjon, og til dei gifta seg. Attende på 1800-talet vart brureforkledet både vove og brodert av brura sjølv. Den unge brura skulle også sauma brudgomskjorta, det inste plagget. Dette tydde varme og venskap, men i det gamle bondesamfunnet var dette også beviset på at brura kunne produsere det familien kom til å trengja av klede.

 

Teknikk

Hardangersaumen er lett å kjenna att på dei strenge geometriske mønstra, bygt opp av opne utklipte ruter som er omkransa av klostersaum og skilt frå kvarandre med tunne stolpar.

I Hardanger vert saumen kalla utskurdssaum fordi dei tidlegare skar ut trådane med kniv i staden for saks.

I den tradisjonelle hardangersaumen er det brukt kvit lintråd på kvitt linstoff, men særleg utover på 1900-talet har dette variert etter korleis tilgangen på materialar har vore.

 

Tradisjon på vandring

Ein kan fylgje dei historiske spora gjennom Europa, attende til den italienske renessansen og kanskje enno lenger attende, til ei ukjend kjelde i midtausten.

Med renessansemoten spreidde også reticellabroderiet seg utover Europa. Frå kloster og embetsmannskvinner kom kunnskapen til lokale kvinner i Nederland,  på Kypros, eller i Hardanger. I Norge har desse broderia vorte uløyseleg knytt til hardangerdrakta. Dette har samanheng med den status hardangerdrakta fekk som nasjonaldrakt.

 

Folkedrakta og den kvite saumen vart særleg populær hjå turistane som kom til Norge mot slutten av 1800-talet. Kvinnene kledde seg opp til ære for turistane og det vart sydd brikker og løparar, til og med heile drakter, for sal i souvenirbutikkane. Etterkvart vart det også laga mønsterbøker med hardangersaumborder. Vi finn særleg mange tyske mønsterbøker frå kring 1900 og på eit tidspunkt her har saumen fått namnet ”Hardanger”. Under dette namnet vert det utover på 1900-talet gitt ut mønsterbøker både i Europa, USA, Japan og Australia. I møte med framande materialar, form og fargetradisjonar har den tradisjonelle kvite saumen fått heilt nye uttrykk og bruksområde.

 

Etterkvart som det vart vanleg med prydtekstilar i husa, utover på 1800-talet, vart også desse sauma med hardangersaum. Vakre border pregar kaffidukar, løparar, brikker, pyntehandkle og sengklede. Særleg vart det lagt mykje arbeide i klede til bruresenga.

Interiørtekstilar fylgjer moten og på 1960- og –70-talet vart det teke i bruk farga tøy og tråd også i det norske hardangerbroderiet.

Solveig Jordal, Hardanger Folkemuseum


 
Om bilde

Om bilde
Img
03 okt
Loppemarknad /Torgdag
2020
 
03 okt
Loppemarknad /Torgdag
2020
 
07 nov
Bluesfest i Eidfjordhallen
2020
 
Img
Reisemål Hardanger Fjord AS • Sandvenvegen 40 • Hardanger Brygge • N-5600 Norheimsund
Tel. +47 56 55 38 70 • Fax +47 56 55 38 71 • Epost: info@hardangerfjord.com
Copyright @copy; Reisemål Hardanger Fjord AS • Utvikla av Reaktor
Img